Motta nyhetsbrev

Sjokk-leie er avlivet

19.03.2007 - sist endret 19.03.2007

Under sanlingen for medlemsorganisasjonene i 2005 ble det opplyst om at Førstehjelpsrådet, på bakgrunn av ny viten, vil anbefale at sjokkleie ikke lenger læres bort på grunnleggende og kvalifisert nivå. Dette gjenspeiles i "Norsk grunnkurs i førstehjelp", hvor det anbefales å legge pasienter med tegn på sviktende sirkulasjon flatt.
 
På de tidligere nettsidene våre, fant man en artikkel om dette, skrevet av leder av Norsk Førstehjelpsråds faglige utvalg, Odd Frode Aasen. Artikkelen gjengis her.

"Sidan ein har hatt førstehjelpsbok i Noreg på 70-tallet har sjokkleie, dvs. heva beina litt opp, vore praktisert. Men er dette egentleg så bra likevel? Nyare treningsprogram for profesjonelle ambulansepersonell (som PHTLS) har ikkje med sjokkleiet som del av hjelpa ved ulukker der ein mistenker blødningssjokk.
 
Kvifor er dette blitt endra på? For det første veit ein at hjå ellers friske personar er effekten av å løfte på beina i beste fall minimal og forbigåande, eller ikkje-eksisterande: Allt blod som ein kan få fatt på frå armar og bein er allereie henta inn av kroppen sin forsvasreaksjon mot lågt blodtrykk/alvorleg blødning. For det andre: Er det brot i bein eller bekken, kan det å røre på beina føre til bevegelse av beinsplintar/bruddendar. Dette er ikkje spesielt godt... For det tredje kan manipulering av beina også auke blødninga dersom skarpe kantar på beinendane kuttar opp blodårer i det ein styrer med beina. Store blodårer går over bekkenet og nedover låret og desse kan blø svært mykje om dei blir skadde.

Ein tilrår heller ikkje å tippe opp båra personen ligg på. Dette aukar trykket inni hjernen og i tillegg vil det gi dårlegare pust (bukorgana pressar mot mellomgolvet og hindrar god pusterørsle). "